Regjeringa vil avsetje Gud

Ei husmor har starta underskriftsaksjon mot avkristning av Noreg. Protesten mot å fjerne kristne verdiar i skule og samfunn, vil gå til regjeringa.

Av Bjørn Arild Hatlem
http://www.dagen.no/show_art.cgi?art=8471

-
REAGERER: Linda Austnes synest det er ille at regjeringa ,etter hennar syn, prøver å plukke frå landet dei kristne verdiane som grunnlova seier ein skal ha som rettesnor.
Foto: Bjørn Arild Hatlem

– Eg vart så provosert av det siste utspelet frå kunnskapsminister Øystein Djupedal som vill forby bordbøn i skulen. Han hevdar det er ekskluderande, men kva vert då det neste? Skal han forby julesongane? Dei er i såfall endå meir ekskluderande.

Dette seier bonde og fembarnsmor Linda Erna Helen Austnes på Godøy utanfor Ålesund til Dagen.
Ho har merka seg intervjuet Dagen hadde laurdag med ein muslim som ikkje ville at ateistane skulle skubbe muslimane føre seg i denne saka. Muslimane har ikkje problem med å synge «O du som metter liten fugl».

– Det er fleire statsrådar i regjeringa som har kome med utsegn som er svært imot dei kristne verdiane. Dei vil avsetje Gud. Og eg meiner at religionsfridomen vår står i fare, seir Austnes.

Ho syner til åtaka på friskulelova og på dei kristne organisasjonane sin rett til å leggje vekt på verdigrunnlaget sitt ved tilsetjingar. Dessutan er det ei overstyring av kyrkja når det er staten meir enn kyrkja som avgjer kven som skal vere biskopar.

Tru på Gud eller Karita?
– Når ein tar vekk Bibelen som vi trur på, og vil vere autoritet over den, då har ein tatt bort religionsfridomen vår. Dersom det er Karita Bekkemellem skal bestemme over Gud, då er vi heilt ute å køyrer. Eg har mykje meir tillit til Gud enn eg har til Bekkemellem og Djupedal, seier Austnes.

Ho meiner at regjeringa syner lite respekt for kristne trussamfunn, til dømes ved å truge med at kyrkja må godta kjønnsnøytrale ekteskap.

Austnes legg til at det ofte er dei som ropar høgast om toleranse som sjølv har minst toleranse, i alle fall overfor kristne og dei verdiane som grunnlova seier at landet skal byggje på.

– Sekulære medier i dag er full av harselas mot kristne og dei kristne verdiane. Det verkar som om du kan seie kva du vil om Jesus og harselere med han. Likevel trur eg at dette ikkje er representativt for den store folkemengda, seier Austnes.

Liste for heile landet
Fredag hengde ho opp underskriftslista «Nok er nok!» på butikken på Godøy. Seinare har aksjonen vore nemnd i nærradioen og regionavisa. Ho har allereie fått fleire underskrifter, mellom anna frå folk som ikkje plar gå på bedehuset. Folk ringjer også frå andre kantar av landet og ber om å få tilsendt liste til å skrive seg på.

Protesten byrjar med å sitere «Gud signe vårt dyre fedreland», og slår fast at det er på tide å seie ifrå dersom ein vil syngje denne songen også i framtida.

Austnes understrekar at det er mange av folk flest som ønskjer å takke Gud for maten, og som vil at landet skal tuftast på dei kristne verdiane. Ho leverer listene til den raudgrøne regjeringa om eit par veker.

Skremmande ideologi
– I media ser det ut for at den gjengse oppfatning er at Gud og kristendomen vil kvele fridomen og bryte oss ned. Men dersom ein ser på samfunnet i dag, kva er det som har hendt med oss på grunn av denne grensesprenginga? Utan grenser er vi utrygge, og utryggleik fører til mykje vondskap, seier Austnes.

Husmora trur at vi har vore så godt vane med kristne verdiar i skulen og elles har vore sjølvsagt. Derfor sit mange kristne sit tilbakelent og passive. Men no har det kome ein skremmande ny ideologi i den nye regjeringa, som ein bør reagere imot, meiner ho.

Rådet til lærarar som er redde for å synge bordvers i skulen etter Djupedals utspel, er klart:

– Eg synest dei skal synge med stort frimot, for det står i Bibelen at vi skal lyde Gud meir enn menneske. Det er ikkje nokon som vert sett inn (i fengsel) for å synge bordbøn eller julesongar, så ein må ikkje la seg styre av slike utspel, seier Austnes.

Publisert 23.11.2005


Tilbake til Norske siden